Personvernerklæring

Personvernerklæringa for Skag Profilera AS sin nettstad


Personvern, behandling av personopplysninger

Denne personvernerklæringa gjeld for Skag Profilera sin nettstad. Skag Profilera AS er behandlingsansvarleg for personopplysningar som blir samla inn på nettstaden. Alle personvernopplysningar som blir beskrivne vidare gjeld berre personopplysningar som er innsamla i ein samanheng med kommunikasjon og marknadsføring. I den samanhengen har vi ansvaret for å handtere data på ein trygg og brukarvenleg måte, som oppfyller både lovkrav og forventningane brukarane våre har. 


Om Skag Profilera:

Skag Profilera er eit fullteneste reklamebyrå som tilbyr høg og brei kompetanse innanfor profilering, moderne kommunikasjon og marknadsføring, til oppdragsgivarar i alle storleikar og bransjar.


Nettadressa vår er Skag Profilera.no


Øvrig kontaktinformasjon:

Adresse: Vabakkjen 6

Tlf: +47 97186028

E-post: post@skagprofilera.no

Org.nr.: 920828558 

 


Personopplysningar som blir handsama

Skag Profilera samlar ikkje inn personopplysningar som fødselsdato, personnummer eller opplysningar om personlege betalingskort. 


Informasjon som blir henta inn til nettstaden vår: 

• Informasjon om bruk av nettstaden, til dømes sidebesøk og klikk (informasjonskapslar/cookies) 

• Nettlesarspråk (informasjonskapslar/cookies) 

• Nettlesarversjon (informasjonskapslar/cookies og logg) 

• Kva for einheit besøkande brukar, til dømes mobil eller skrivebord (informasjonskapslar/cookies og logg) 

• IP-adresser til dei som besøker nettstaden (logg). 


Ingen av nettsidedataene som blir lagra, verken informasjonskapslar/cookies eller serverlogg, kan spores tilbake til den enkelte brukar.


 

Korleis informasjonen blir innsamla 

Skag Profilera samlar inn opplysningar gjennom følgjande digitale verkty: 


• Ved hjelp av informasjonskapslar (cookies) på nettstaden – data blir samla inn automatisk. 

• Serverlogg som blir automatisk generert ved kvar besøk.


Korleis informasjonen blir lagra 

Informasjon om bruken din av nettstaden vert lagra på Googles serverar og blir sletta etter 36 månader om du ikkje har nytta skagprofilera.no i løpet av denne perioden. Det er ikkje mogleg å hente ut informasjon om den enkelte brukaren frå Google sin server, verken av Skag Profilera AS eller andre. Serverloggen blir lagra i eit trygt område og kan berre lesast av Skag Profilera AS og av leverandøren vår av servertenester. Serverloggen blir utelukkande nytta til diagnostisering av tenestene våre, og loggen blir automatisk sletta etter 12 månader.


Informasjonskapslar 

Me bruker små informasjonskapslar (cookies) for å gjere surfingen din tryggare og betre. Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som blir lagra på harddisken din frå ei nettside. Informasjonskapslar frå nettstadene våre inneheld ingen personleg informasjon om deg. Du kan til ei kvar tid deaktivere bruken av informasjonskapslar gjennom innstillingane i nettlesaren din.


Kva brukar Skag Profilera dei til? 

På nettstaden vår brukar vi informasjonskapslar til anonyme statistiske analysar, hovudsakleg gjennom Googles verktøy for besøksstatistikk – Google Analytics. Klikk og sporing blir registrerte anonymt og kan ikkje knytast til den enkelte brukaren. Me bruker òg informasjonskapslar for å sjå at du har godtatt meldinga vår om bruk av informasjonskapslar. På den måten slepp du å sjå informasjonskapselvarselet kvar gong du besøker nettstaden vår. Ingen av informasjonskapslane våre inneheld personleg informasjon om besøkande.


Google Analytics 

Skag Profilera nyttar analyseverktøyet Google Analytics for å analysere brukarmønster og trafikktrendar på nettstaden vår. Data som blir samla inn, blir brukt for å optimalisere brukaropplevinga og innhaldet på nettstaden. I tråd med retningslinjene til Google for bruk av Google Analytics, blir det ikkje samla inn personleg informasjon om brukaren. Dataene som blir samla inn, blir lagra på Googles serverar og blir sletta etter 24 månader om du ikkje har kome tilbake til nettstaden i denne perioden. Du kan lese meir om korleis Google samlar inn og vernar om data her: 

http://www.google.com/analytics/learn/privacy.html 


Du kan reservere deg mot bruk av Google Analytics.
Les meir her: https://tools.google.com/dlpage/gaoptout


Noko du lurer på? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål!


Share by: